Kongens tale

Sjølvaste Harald Hårfagre, kong Harald I, kom attende frå det hinsidige og tok sjølv hand om kongens tale på jubileet. Her er det han sa:

Skuespiller utkledd som Harald Hårfagre. Uflidd stort og grått hår.

Eg snudde meg i grava …

Eg snudde meg i grava då eg høyrde at kong Harald ikkje kunne koma til feiringa av riket eg grunnla for 1150 år sidan. Eg snudde meg i grava – undrande over kven som då skulle halda kongens tale. Snart hadde eg snudd meg så mange gonger at eg vakna heilt – og fann ut at eg like gjerne kunne gjere det sjølv. Så her står eg framfor dykk. Harald den ein gong så Hårfagre, no berre ein likbleik daudnakke, men trass alt ein kong Harald god nok til å halda kongens tale på eit rikssamlingsjubileum.

Og det er ikkje fyrste gong eg snur meg i grava. Eg snudde meg då brødreblodet rann frå Eirik si øks. Han var ein galning frå fyrste stund Eirik, son min, kappa hovuda av mus før han lærte å gå.

Eg snudde meg i grava då kongane i Noreg plutseleg fekk namn som Carl og Christian og Fredrik og Oscar. Det er ikkje skikkelege kongsnamn. Eg pusta letta ut då me endeleg fekk ein Haakon og ein Olav og ein Harald på trona igjen.

Eg snudde meg i grava då dei byrja å bygge eit høgreist monument over ein haug borte på Gard, og kalla den Haraldshaugen. Ja eg var nær ved å ropa: Hallo! Eg ligg jo her borte på Hauge!! De bommar jo med fleire hundre meter! Men eg laut det vera. Haugen er eit staseleg minne om bragdene mine. La det ikkje vera tvil om det.

Og eg snudde meg i grava då desse arkeologane og historikarane byrja spørje om det no verkeleg var slik at eg samla heile riket under meg. Kan dei ikkje halde dei skitne forskarfingrane sine unna og la oss sagaheltar få skine i fred inn i evigheita. Det du ikkje veit har du ikkje vondt av.

Men eg har jo forstått at de lurer på korleis det eigentleg var med dette slaget i Hafrsfjord, kva det dreidde seg om og kva vinnaren eigentleg vann …

Sanninga er …

… at eg ikkje huskar ein drit av den skiten. Det er borte for meg i ei suppe av mjød og nakne skjoldmøyer og flugesopp og alderdom. Eg anar ikkje. Det var nokre danskar der og nokre spjælete austmenn med tynne armar og store hovud, og me banka livskiten utor dei og jaga dei heim over Jæren, men kva med eigentleg vann … Med skulle rissa noko i stein mens det var friskt i minne. Me skulle nok det.

Og så snudde eg meg i grava då Vidar Johnsen vart vokalist i Vamp. Då var eg nær ved å kasta trolldom og vondskap over heile Haugalandet, men tok meg i det. Det har du ikkje noko med Harald, sa eg til meg sjølv. Du får la han halda på han Stavelaen. Snart kjem han til Helheim med den faens fela si og då vil du ikkje at han skal ha noko på deg.

Eg snudde meg og i grava då dei byrja snakke om kongsgarden min på Avaldsnes. Eg har vel aldri hatt ein kongsgard på Avaldsnes. Eg budde i Kopervik. Mykje finare der.

Nei, no står eg her og vrøvlar som ein gamal tulling. Eg tenker eg skal la det vera med dette. Men det vil eg seie til slutt. Høyr no litt på ein gamal mann som har vore daud lenge: Leve den samlande ånda og død over alle krefter som vil splitta. Leve Noreg og leve kong Harald V! Gratulerer frendar! De har gjort ære på det eg gjekk i gong med, verkeleg. Gratulerer. Eg er takksam, det er eg.

No går eg attende til grava, men vit at eg kjem opp igjen og plagar dykk om de ikkje kvittar dykk med han nye trenaren i Avaldsnes før lauvet fell frå trærne.