Rikssamlingsjubileets logo

Historia: Steinkrossane i Rogaland

På fleire stader rundt om i Rogaland – fortrinnsvis ute ved kysten – står det steinkrossar. Ein reknar med at desse er sette opp frå rundt 950 og fram til første del av 1000-talet, altså i siste del av vikingtida. Steinkrossane er blant dei første fysiske spora etter kristninga av landet og har ofte ei monumental plassering på tydeleg synlege stader i landskapet.

Bilde av steinkors på Sola
Eitt av to steinkrossar på Tjora i Sola kommune. Foto Rogaland fylkeskommune

Steinkrossane er tolka som symbol som vart sette opp i den første kristningstida som symbol for den nye trua ‒ kristendommen ‒ som erstatta heidendommen. Men steinkrossane er også tolka inn i ein maktkontekst – krossen kan ha fungert som stormannens og til dels kongen sitt symbolske talerøyr i vikingtid og tidleg mellomalders maktkamp om verdsleg og religiøst hegemoni. (Gabrielsen 2007:252)

For Rogaland sin del viser undersøkingar at fleirtalet av steinkrossane vart reiste av stormenn eller bønder, men også nokre av konge/prest.
Det vitnar om at det var aristokratiet, eller det øvre sosiale sjiktet i Rogaland som sette opp steinkrossar i den første kristningstida.

 

Bilde av steinkors på Klepp

Frå Krosshaug i Klepp kommune. Foto: Terje Tveit Arkeologisk Museum, UiS

I nokre tilfelle finn ein at ein steinkross er plassert oppå førkristne graver og ein tenkjer seg at krossane kan ha hatt ein minnefunksjon oppå gravene. Slik er det eksempelvis på Hauge i Klepp (over) der steinkrossen er plassert oppå ein gravhaug frå folkevandringstid (ca. 400 e. Kr).

Bilde av steinkors i Haugesund

Steinkrossane har ofte ei monumental plassering på tydeleg synlege stader i landskapet, som dette som står ved innseglinga til Karmsundet rett attmed Haraldshaugen i Haugesund. (foto: Angunn Skeiseid)

​For meir lesing:
Birkeli, Fridtjov. 1973. Norske steinkors i tidlig middelalder. Et bidrag til belysningen av overgangen fra norrøn religion til kristendom. Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps – akademi i Oslo II. Hist.-Filos. Klasse. Ny serie. No 10. Universitetsforlaget. Oslo.

Gabrielsen, Kristine Holme. 2007. https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/1956/11215
Vestlandets steinkors – monumentalisme i brytningen mellom hedendom og kristendom. UBAS 2

Skeiseid, A. 2007. Seks kyrkjestader i Rogaland – ein arkeologisk analyse av kyrkjestader i ytre og indre delar av Rogaland https://bora.uib.no/handle/1956/2846